Sorry! This page has not been translatet to english yet.
Haydom's lastebilsjåfør Venance Moshi
Scania lastebilen ble levert Haydom 25. juni 1999.
Kristiske røster i Norge sa at afrikanarane ikkje kunne
stelle og vedlikeholde maskiner og biler. Bilde forteller sannheten om det.
Alle som les ”Kyrkjelydsblad for Hå”, har gjennom media høyrt og lese om
lastebilsjåføren Ingar Kvia. Han sette i gang ein storstilt innsamlingsaksjon av
pengar til ny lastebil til Haydom Lutheran Hospital i 1998. Dette etter eit
heller ”ufrivillig” julebesøk i Tanzania året før. Innsamlinga til Haydom
Lutheran Hospital starta i januar 1998 og passerer 7 mill. kr. (990 000 kr. frå
Norad) i 2008.
Årets kornavlingen kommer i hus, og da er lastebilen nesten
uunnværlig å ha.
Årets kornavlingen kommer i hus, og da er lastebilen nesten
uunnværlig å ha.
Ingar fortel:
Det er veldig gildt og meiningsfylt å få lov å vera med og hjelpa folk som ikkje
har det så godt som oss. Norge er på plass nr.1 når det gjeld sosial og
økonomisk utvikling, utdanning og helse. Tanzania er på plass nr.160. Då kan ein
prøva å tenkja seg den store kontrasten som møter oss når me kjem til Tanzania.

Eg reiste på tur nr.7 til Haydom den 7. des. 2003, og då var det for å
overlevera nok ein ny traktor til gardsbruket på Haydom. Traktoren er ein Massey
Ferguson 4360 med lesseapparat til ein verdi av kr. 400 000.
Minnegåve etter Erling Røyneberg
Har også i desse dagar mange verkstadmaskinar til tre-og metallverkstaden på veg
til Haydom. For desse har eg betalt 80 000 kr. Alt dette verktøyet er innkjøpt
av pengar frå minnegåva på kr. 100 000 etter Erling Røyneberg. Etter samtale
mellom sonen Olav Røyneberg og dr. Hans Espeland på Haydom i desember 2003, vart
det også gitt 20 000 kr. av desse pengane til sårt tiltrengte innkjøp av utstyr
til ”proteseverkstaden” på sjukehuset.
Pengeplassering?
Spesielle minne frå Tanzania
Når eg er på Haydom får eg mange både gilde, fortvilte og håplause opplevingar.
Ei natt klokka 02.00 var eg med sjukebilen for å henta ei kone som skulle føda.
Det viste seg at kona hadde vore på veg til sjukehuset til fots, men så hadde
fødselen byrja. Då me kom fram var barnet født for 10 minutt sidan, og det
fyrste me høyrte i ei still og fin afrikansk måneskinnsnatt var barnelydar.
Ei anna kone sat og heldt det nyfødde barnet i hendene sine. Jordmora, som
denne gongen var ein mann, klypte navlestrengen. Så vaska han og stelte mora og
gav henne ei sprøyte for å stoppa blødingane. Deretter rusla denne kona, som
nettopp hadde fødd, heim att til hytta si i lag med dei andre kvinnene som også
bar barnet.
Dette var ei spesiell oppleving for meg, og eg vart veldig overgitt over at
dei ikkje tok mora og barnet med seg i sjukebilen tilbake til sjukehuset. Men
dei brukte aldri å gjera det dersom fødselen var over og alt sto vel til med mor
og barn.
3 dagar seinare besøkte eg mor, far og barnet i ei svært tarveleg hytte. Dei
var veldig fattige, og her måtte eg bare leggja igjen nokre pengar.
Møysommeleg steinknusing for hånd
Avlingssvikt og hungersnaud
Det var hungersnaud på Haydom i 2004 på grunn av lite regn og dermed
avlingssvikt. Dette var tøffe opplevingar å få så nære innpå livet, og me fekk
kvar dag spørsmål om å hjelpa.
Ein dag medan eg kjørte langs kanten på ein kveiteåker på 2000 mål som me heldt
på å så, kom eg forbi ei skral hytte med nokre folk utføre. Eg snakkar lite
Zwahilispråk, men då mannen og kona kom bort til meg og sa ”hamna mahindi”, som
eg skjønar betyr ”ingenting mais”, forsto eg at her sto det dårleg til. Eg
stoppa bilen og vart med dei inn i denne tarvelege hytta. Dei hadde også 4 små
barn, og var totalt matlens. Dei prøvde å finna nokre bønner til å koka. Denne
åkeren ligg 45 km frå sjukehuset, og eg skulle vera her heile dagen. Difor hadde
eg med meg nokre brødskiver og nokre brusflasker. Dette var fortvila, så eg
gjekk tilbake til bilen og tok matpakka og brusflaskene og gav dei til denne
familien. Dei trong det mykje betre enn eg. Det er nok lenge mellom kvar gong
slike barn får brus. Eit av barna mista litt av skiva då han åt, men de skulle
sett korleis han la seg ned i graset og leita etter det som han mista, fann det
og åt det opp. Her gjekk ikkje noko til spille. Eg gav også denne familien nokre
pengar slik at dei kunne gå til landsbyen og kjøpa seg noko maismjøl.
Dette var ein av dei siste dagane eg var på Haydom, så eg nådde ikkje ut att
til denne familien før eg reiste heim. Men det er ein av dei fyrste plassane eg
skal besøka når eg kjem ut att til Afrika, vonaleg dette året. Det vert spanande
å sjå om denne familien har klart seg, eller om eg kjem til ei tom og forfallen
hytte.
Etter dette har eg vore tilbake mange gonger og familien klarer seg bra. Dei får
litt hjelp kvart år.
Me skulle ha hjelpt så mange fleire, men klarer det ikkje. Dette er mange gonger
nokså fortvila. Men me får leva med mottoet: INGEN KAN HJELPA ALLE, MEN
ALLE KAN HJELPA NOKON.
|